Søknadsfrist:
Vi leiter etter deg som kan jobbe i tråd med forventningane under:
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor dei rammene ein har blitt einige om.
- Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt.
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskapar jfr krav i Barnehageloven
Personlege eigenskapar
- Vi søker ein medarbeidar som har kunnskap om barns utvikling og behov.
- Ønsker å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjon med godt arbeidsmiljø.
- Held seg oppdatert på det som skjer på arbeidsplassen.
- Og kan arbeide etter Ålesund kommune sine kjerneverdiar: Open, Engasjert og Modig.
- Menn vert oppfordra til å søke.
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
#J-18808-Ljbffr