Tannpleiar ved distriktstannklinikken Surnadal
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i vakre Surnadal på Nordmøre? Vi søker tannpleiar i eitt års vikariat fra 1.8.2026.
Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. Arbeide og bu i Surnadal.
Arbeidsoppgåver
- Varierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper.
- Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar.
- Administrativ arbeid.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannpleiar.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Blir motivert av å jobbe for og med menneske.
- Jobbar effektivt og sjølvstendig.
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg.
- Lønn etter tariffavtale.
- Oppdatert og fin tannklinikk.
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse.
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø.
- Introduksjonsprogram for alle nye kollegaer.
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg.
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP).
Anna
Den som vil bli tilsett må levere politiattest.
Søknadsfrist: 04.05.2026
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
#J-18808-Ljbffr